Historia om landbrukets heilage kuer med og utan palmehorn. Eller historia om melange.
"Odelsgutten K.K. Heje fra Flå i Hallingdal, startet i 1885 «A/S Agra Margarinfabrik» på Grünerløkka." (kjelde : wikipedia)
Men historia startar noko før, og handlar også denne gongen om franske soldatar, mat og økonomi. Napoleon III hadde lyst ut ein konkurranse der han
ønska ei billeg erstatning for dyrt smør til franske soldatar. I 1869 tok den franske kjemikaren Hippolyte Mège-Mouriés ut patent på margarin laga på
isolerte fettsyrer av oksetalg og skumma mjølk. Det blei lansert som eit billeg smør for arbeiderklassen og hæren. Populariteten til produktet tok likevel
ikkje heilt av, truleg på grunn av rykter om at det var laga av døde dyr. Heje satsa soleis i ei trang nisje, med eit produkt som måtte forbetrast for å
fenge dei store massane.
I 1919 kom Agra-fabrikken med nyvinninga dei kalla melange (= blanding, bygd på måten det vart produsert på [kjelde : melange.no]) og må seiast å
ha vore ei stor forbetring av margarin. Smaken, og eigenskapane ved steiking og baking vart snart ein suksess. Bildet på margarinpakken var ei ku, kalla
Agra-kua med to horn av palmetre. Denne logoen fall landbruksnæringa tungt for brystet, då dei ikkje ville ha det nye produktet assosiert med kyr eller
mjølk. Med margarinloven i hand tvinga styremaktene Agra til å modifisere logoen, så det kunne godkjennast. Idag ser det mest ut som ein hjort. Men
med to palmetre som horn har dei halde fast på. Trur du meg ikkje kan du kjøpe ein pakke Melange margarin, og studere pakken.
Agra er idag eit norsk merkevarebasert næringsmiddelkonsern med fabrikkar i Noreg, Sverige og Danmark. Konsernet omsette i 2005 for ca. 2 mrd.
kroner. (kjelde : wikipedia)
- Som et apropos kan nevnes uttalelsen fra Roald Amundsen i 1925 at ”Melange blev anvendt paa hele den siste ferd, og den beste anbefaling jeg kan
gi Deres produkt er, at samtlige medlemmer trodde de spiste meierismør”. (kjelde : melange.no)
Kuriost nok vart margarin eit nøkkelprodukt for å tette hol i skroget på MS Nordlys som låg brannskada i hamna i Ålesund september 2011. Utruleg, men
visstnok sant. Har du prøvd å ta margarin ut av kjøleskapet og bruke det med ein gong veit du litt om kva som skjer mellom margarin og låge
temperaturar. I det tilfellet kom margarinens spesielle eigenskapar til sin rett. Neste gong du skal ro fjorden etter pale eller makrell, kan du godt ha ein
halvkilos Melange margarin liggjande på lur i tilfelle havari.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar