søndag 27. november 2011

Uhumsk og humsk

Minus og pluss gjev minus - medan minus og minus gjev pluss, heiter det i matematikken. Ikkje alltid så i språket. Den vesle bokstaven "u" framfor eit ord gjev ordet ofte motsett tyding. Den er mest som eit matematisk minusteikn å rekne. Men ikkje alltid.

Sett og usett er motsetnader. Klokt og uklokt, nyttig og unyttig, lukke og ulukke, alle er dei rekna som motsetnader. Eller heppe og uheppe som det heitte tidlagare (av det norrøne "happ").

Ein skulle tru at humsk og uhumsk var motsetnader også. Men bokstaven "u" her kjem i forsterkande tyding, slik at uhumsk er meir humsk enn berre humsk åleine. Ordet slektar på det norrøne "húm" som tyder skyming. Ordet tyder urein, ekkel, mørk eller skitten. I våre dagar finn vi ikkje "humsk" lengre, sidan ordet "uhumsk" heilt har teke over.

Det er usikkert kvifor denne bokstaven har fått ei slik rolle, men det er eit faktum at "u" i nokre samanhengar kan tyde "utan" eller "under". Vi skriv då gjerne "u." eller "u/". "Flotte druer u. stein" og "Halv pris for born u/12 år." Der er døme på at ein har skrive berre "u" i slike stningar også.

Vi finn også same bokstaven som forkorting for ungdom og utvikling også (og altså ikkje som nekting). "U21-landslaget vann 2-0" og "U-hjelpa kom aldri fram slik planen var". U-hjelp er altså ikkje det motsette av hjelp, sjølv om den blei det i dette tenkte tilfellet. Og "U-landslaget i fotball" tyder heller ikkje at ungdomslandslaget vårt sårt treng til naudhjelp frå utlandet.

lørdag 26. november 2011

Om mjølk og gråt

Ein skal ikkje bruke tid og krefter på å gruble over ting som har skjedd, som ein ikkje lengre kan gjere noko med. Ein skal helst sjå framover. "Don't cry over spoiled milk", som dei før sa i England. Vi har uttrykket her hjå oss også, i det etter mi meining lettare misforståtte "å gråte over spilt mjølk". Men så les eg at ein i det engelske språket idag nyttar "Don't cry over spilt milk." Så då spørs det kva som kom først, høna eller egget. Eller kanskje "kua eller kalven" passar betre i denne samanhengen?

Problem oppstår av og til når to like ord tyder motsette ting, eller ein skal oversetje noko frå eit framandspråk, og går litt i surr. "Lost in translation" som det så fint heiter. Det engelske ordet "spoiled" står for syrna mjølk, eller skjemd mjølk som vi også kan seie. Men ikke den kontrollerte syrninga vi finn på meieriet. Nei, den som oppstår når mjølka vert lagra for lenge eller i for høg temperatur. Truleg har ordet spoiled blitt til det norske spille (tøme ut). Dersom det då ikkje var slik at det engelske "spilt" kom før det norske, og oversettinga er OK.

Å spille mjølk, er i dagleg tale i dag synonymt med å uforvarande tøme den ut av mugga eller glaset. Å miste den utover, så og seie. Eg kjenner ikkje til at ordet "spille" også skal tyde "å surne".

No ja, det heile er kanskje flisespikkeri (mykje arbeid for eit høvemessig lite resultat). Om ein græt er det kanskje likegyldig om det er fordi mjølka har blitt sur eller fordi ho ligg på golvet... Øydelagt er ho kor som er.

Skinet bedreg

Dei fleste av oss kjenner uttrykker "skinnet bedrar" og veit at det liknar på "å kjøpe katta i sekken". At det under overflata løyner seg noko som ikkje visest utenpå. Det er difor lett å tolke det til å ha noko med dyrehud å gjere. I språket har vi mange uttrykk som går på skinn, der "å selge skinnet før bjørnen er skoten" er kanskje det mest kjende. Ikkje å undre seg over kanskje at ein kritisk rapport av pelsdyrnæringa i Noreg, fekk tittelen "Skinnet bedrar". Men før vi går ut av vårt gode skinn her, så får vi slå fast at vi nok talar om lysfenomenet "skinn" her, eller skin som det heiter på nynorsk. Difor den tilsynelatande manglande n-en i overskrifta.

Vi har like mange ordtak og seiemåtar med ordet skin. Mange av dei har religiøse og bibelske over- og undertonar. Gamle inngådde ord som "blendverk", "illusjon", "prakt", "glans" og "herlighet" er ord som skal dekke det som glinsar og strålar av ljos, og gjer oss stumme av ovund. Og når dette ytre viser seg ikkje å halda mål, seier bokmålsfolk at "skinnet bedrar". Eg har diverre ikkje klart å kome med eit fullgodt erstatningsord for bedreg. Men ordet fins jo på nynorsk, i all sin prakt og herlegdom!

Slå i hartkorn

I dagens propagandasamfunn, eller kanskje rettare "reklamesamfunn" er det om å gjere å ha eit godt rykte. Ingen ønskjer å bli samanlikna med nokon ein ikkje ønskjer å bli samanlikna med. Kan du skade motpartens rykte, ved å samanlikne han med noko negativt, ved å gjere hans motiv spekulative eller hans rykte frynsete, kan ein seie at "ein slår han i hartkorn med ...". Ordet hartkorn høyrest dansk ut, og er det også. Tidlegare vart skatten til bøndene rekna ut etter kor mykje hardt korn (rug og bygg) dei skulle svare til staten, derav uttrykket hartkorn. Store norske Leksikon har denne skildringa av utsegnet.

Den overførde tydinga, altså dagens einaste reelle tyding, er at ein blandar likt og ulikt. Ofte til eigen vinning. Derav innleiinga der ein kan utruste til dømes politiske motstandarar med meiningar og motiv han/ho ikkje har eller ikkje kjenner seg att i. Å få opinionen på si side står høgt hjå politikarar og næringslivsfolk.

Uttrykket kan vidare tolkast som eit slags bevis for at bønder blanda inn billegare kornslag i hartkornet, for å sleppe billegare unna dei harde skattane. Ein slags nullkornytarar med andre ord.

onsdag 23. november 2011

Heidning

Heidning er eit ord som på mange måtar har gått ut på dato. No og då ser vi det likevel i bruk, oftast som negativ karakteristikk av folk som ikkje trur på det same som ein sjølv. "Det norske hedningsamfunn" brukar det likevel i positiv lei om seg sjølve.

Opprinneleg fans dette ordet i norrøn tid, som "heiðingi", folk som levde i heia (utmarka). I Bibelen står det for folk som ikkje er jødar. I Noreg har vi lenge brukt det om folk som ikkje trudde på kyrkja sin Gud. Idag er det vanskeleg å bruke ordet, avdi der er så mange religionar i kongeriket, alle med sitt vern i FN sin konvensjonen om menneskerettane. Vi kan like det eller ikkje like det, men ordet har gått ut på dato. Etter mi personlege meining vil eg ikkje sakna ordet den dagen ordet vert brukt for siste gong.

lørdag 19. november 2011

Falle i stavar

Når noko fell i staver, tankjer vi umiddelbart på bøkkerfaget. Ein bøkker er ein som lagar tretønner. Han brukar stavar (som vert montert side ved side vertikalt), og bind det heile saman med tønneband (i vidjetre eller metall) horisontalt. Alt skal passe til minste detalj, for tønna skal kanskje brukast til flytande væske. Om produktet fell saman før det er ferdig montert, fell det i stavar. Bøkkerfaget er forlengst historie, sjølv om det fins folk som enno kan kunsten. Langs vestlandskysten var det bøkkerverkstadar i mang ei grend.

Idag svarer uttrykket nærast til å falle i eigne tanker, bli uoppmerksam. På våre kantar av landet seier ein gjerne at ein får "sauestiren", og treng ein liten dult for å kome tilbake til røyndomen. Det vert ikke nytta om fysiske samanrasningar lengre. Eit korthus kan difor ikkje "falle i stavar" ifølge god språkbruk. Ikkje eingong langrennsløparar kan seiast å falle i stavar, sjølv om Oddvar Brå må seiast å ha vore fårleg nær ved å oppfylle utsegnet på ein bokstavleg måte i 1982.

Våde

Snart tid for julesongar, og tid for å gruble på gamle ord som ingen lengre forstår. Der "ingen" må lesast som "mange ikkje". Det fins enno folk som likar å forske på gamle dagar, og å finne ut kvifor vi vel det eine ordet framfor det andre.

Våde finn du knapt i ein julesong, ikkje i nokon eg kan kome på i farten i alle fall. Ein skulle tru ordet hadde vandra inn frå dansk i den såkalla dansketida. Men ordet kjem frå norrønt "váði" som tyder ulukke eller skade. Så dette er ikkje eit importert ord i etymologisk forstand.

Våde kan samanliknast med synonyma sine: naud, jammer, elende, ulukke eller skade. Det er i denne siste tydinga ordet stadig heng att i språket etter fingertuppane innan rettsalen i til dømes "vådeskudd". Det tyder skot som har påført noko(-n) skade utan at det var gjort med vilje. "Vaade" er vanlegare på dansk, enn våde er på norsk. Trur eg. Og ordet er sikkert lettare å finne i salmar som har med påske å gjere, enn i julesongane.

torsdag 17. november 2011

Nikkers

Nikkersen hadde si tid, no er dei borte. Eplenikkers er ein av variantane, kjend for at det var enkelt å leggje epler i buksebeina når ein var på epleslang. På svensk heiter desse nikkersane "äppelknyckarbyxor", så eg torer å gå god for den tolkinga. Knebukser eller golfbukser er to andre synonym. Andre variantar av nikkersen er posebukser og pludderbukser. Den opprinnelege skrivemåten er nok "knickers".

Knickers er ei forkorting for "knickerbockers" som var namnet ein gav etterkomarar av hollandske innvandrarar i New York. Dei har sannsynlegvis gått eindel med slike bukser. Særleg var dei populære på 1920 og -30 talet. Teikneseriefiguren Tintin var lenge teikna i nikkers, men går idag i langbukse som oss andre. Ellers er det ofte sett på som eit overklasseplagg og/eller fritidsantrekk. Plagget er borte, men ordet heng att i språket. I alle fall enno ei tid.

mandag 14. november 2011

Saft suse

Utsegnet "saft suse" er ganske sikkert vandra inn frå Danmark, som har uttrykket "saftsusemig" eller "saft suse mig" i verktykassa. Det kan vere ei moderering av uttrykket "kraft knuse mig" som utan tvil verkar noko sterkare. Det norske "Saft Suse!" verkar å henge i lause lufta, som meiningslause tulleord. Likevel opplever ein umiddelbart at det er tale om eit forsterkande uttrykk. Det ligg nært opp til banning, men likevel så langt frå normal bannskap at det kan framførast av dei fleste tunger.

Saft og kraft er høyrt slik i same setning som nærast synonyme ord før. Vi kjenner også igjen alitterasjon som verkemiddel frå andre muntlege utsagn av liknande karakter. Saft suse er eit godt og kraftig uttrykk, som ligg godt på tunga. Vi set det på raudlista over talemåtar som kan vere på veg ut av språket, men som det kan vere vel verd å ta vare på.

Slå på tråden

Tekniske framsteg er nådelause mot apparat, tekniske dippeduttar og måtar å gjere ting på. I språket derimot lever ofte uttrykka igjen, lenge etter at apparata har hamna på museum.

Gratulasjonstelegram var vanlege ved jubileum og bryllaup då eg var ung. Men dei manuelle telefonsentralane vart gamaldagse og overføldige, og signalstraumen vart automatisert. Telefax er på veg ut av samfunnslivet, og sjømannskulane slutta å utdanne telegrafistar rundt 1990. Snart stussar vi kanskje over korleis vi skal "leggje på røyret" også, ettersom telefon meir og meir vert assosiert med mobiltelefon. Uttrykket "å slå på tråden" derimot, har vist seg å vere seigliva.

Ein er ikkje sikker på korleis dette uttrykket oppsto, men i min barndom var det vanleg å ha fleire abonnement på same telefonnummer. Naboen vår og vi hadde ein telefon på deling, og vi ungane måtte springe til og frå når det ringde. Sidan vi hadde eitt nummer ilag, måtte det vere ein skilnad mellom det at nokon ringte til oss eller til dei. Når telefonen ringte ein gong var det til oss, var det tale om to ring var det til naboen. Korleis sentralbordpersonalet (kalla sentralborddamer den gongen) ringde ein eller to gonger i apparatet vårt veit eg ikkje, men eg veit at å trykkje fort ned (slå) ein gong på den dingsen som telefonrøyret stod (hang) i var det same som å slå nummeret 1. Telefonane hadde ikkje nummerskive, så det var sentralborddamene som sette over til mottakar, frå sentral til sentral gjekk det, og det kunne ta si tid. Hadde telefonen ei sveiv, kalla ein den sveivetelefon, og eitt raskt sveiv med sveiva var beskejed til sentralen at ein ønska ein samtale.

For å få summetone måtte ein ofte trykke litt på denne hendelen. Du har kanskje sett menn og kvinner trykkje på denne i eldre filmar, for å få kontakt med "the operator". Kanskje er det slik uttrykket "å slå på tråden" har oppstått? Sidan ein ville kome til å trykke nummeret 111 ved å gjenta tre slag på apparatet på denne måten, har eg høyrt at å ha naudnummer 111 var ein dårleg ide. Då naudnummera vart innførde på eit mykje seinare tidspunkt, vart dei difor 112, 113, og 110. (jmf. 911 i USA)

Ei anna forklaring eg har funne på internett er at det var mogleg å kommunisere via f.eks. løypestreng ved å banke på strengen. Eg tvilar likevel at denne tydinga er rett, då uttrykket ikkje ville hatt den utbreiinga det har, på den måten. I så fall trur eg heller at det ville ha stamma frå telegraf-teknologien, då dei sende elektriske impulsar ved å banke morsesignal på telegrafstasjonar. I så fall burde "å slå på tråden" kanskje hatt internasjonale forgreiningar. Så alt i alt trur eg mest på tolkinga om at ein måtte banke på apparata i eldre tider for å få antan summetone eller kontakt med sentralborddamene. Å slå på tråden, vart synonymt med å få kontakt med omverda.

lørdag 12. november 2011

10 4 (ten-four)

Vi flyttar oss nokre hundreår fram i tid, men held oss til kommunikasjon som har med ordrar, beskjedar og kvitteringsmeldingar å gjere. Du har kanskje sett ein amerikansk serie frå politimiljøet og høyrt uttrykket "ten-four"? Eller "Roger that" ("Roger and out")

Bortsett frå at vi er litt på sidelina frå å diskutere norske ord og uttrykk, er det ganske interessant og spanande å skjøne kva som blir sagt, antan det no er på norsk eller engelsk? For kven er denne "roger"? Innan engelsk slang kan det jo være namnet på det mannlege kjønnsorgan, men i dette tilfelle er svaret eit anna.

Har du høyrt om det militære fonetiske alfabetet? Konstruert i 1941 i USA for å unngå misforståingar innan radiokommunikasjon. Kvar bokstav i alfabetet fekk sitt karakteristiske ord knytta til seg. Du har sikkert høyrt folk rope noko slikt som "Charlie Alfa" inn i mikrofonen, som står for "CA". Eller "Uncle Sugar" som skulle stå for "US". Roger er altså bokstaven "r" og skulle bety "recieved" (motteke). "Roger that" står for "det er motteke" og "roger and out" står for "motteke og sendinga avslutta".

"10 4" er litt i same lei, idet 10 står for J (tiande bokstaven) og 4 for D. "JD" står for "Job Done" og betyr at den aktuelle ordren er iverksett og oppdraget er fullført.

Vi har eit slikt fonetisk alfabet i bruk i Noreg også, nemleg det såkalla "NATO phonetic alphabet". Alfa (Alpha), Bravo, Charlie, Delta, Echo og Foxtrot er dei første bokstavane i dette alfabetet.

Bodstikke

Bodstikka var eit effektivt varslingssytem av si tid. (budstikke - bokmål, budkafel - svensk, budgaffel - dansk)

Opphavleg eit trestykke med ein pigg i enden, som gjekk frå gard til gard for å kalle folk til tinget. Seinare stod det for ein sylinger i metall, med ein bodskap inni. Det kunne vera varsel om uferd i landet eller mobilisering av soldatar, og var ein rask og enkel måte å informere innbyggjarane i kritiske situasjonar.

I våre dagar har vi betre måtar å kommunisera på, men fenomenet lever vidare i avisnamn (Budstikka (tidlegare Asker og Bærums Budstikke) og Romsdals Budstikke) og som idrottsfenomen. (stafett)

Dei fleste skjønar nok ordet bodstikke intuitivt, og i uttrykket "bodstikka går" skjønar vi vel at det hastar.

torsdag 10. november 2011

Å kjenne sine pappenheimarar

Det snodige ordet "pappenheimar" skriv seg frå ikkje noko mindre enn Gottfried Heinrich Graf zu Pappenheim (1594 – 1632) krigsherre i trettiårskrigen. Soldatane hans vart kalla pappenheimarar. Og han var altså greve av Pappenheim, ein småby i Bayern. Setninga "Daran erkenne ich meine Pappenheimer" finn ein i skodespelet Wallensteins Tod av Friedrich Schiller.

Uttrykket liknar på "å kjenne lusa på gangen" og "ikkje kjøpe katta i sekken". Ting kan seiast på mange måtar. Vil du ha eit rikt og variert språk, gjeld det å ha øyrer og augo opne, og sikre deg eitt breitt arsenal av ord og seiemåtar.

Hipp som happ

Det kan like gjerne vera hipp som happ, seiest det. Det eine er like godt som det andre. Utsegna stammar frå tida med hestetransport. Vi kjenner alle ordet "hypp" som skal vere noko tilsvarande som "D" på eit automatgir. At kuskane hadde "hipp" og "happ" i tillegg er kanskje mindre kjent. Som skulle bety venstre og høgre, utan at eg er heilt sikker på kva for ord som tyder kva retning. For å stoppe doninga, hadde hestekarane i mitt nærområde "ptrrooo" å verktykassa. Noko min bestefar prøvde seg med utan hell, første gongen kan skulle køyre traktor.

Eg har sett og høyrt "hips om haps", men det er "hipp som happ" som er rett. Sannsynlegvis vil dette uttrykket forsvinne ut av språket etterkvart.

Gamalt nytt

Nokre uttrykk inneheld tilsynelatande sjølvmotseiande ord. Gamalt nytt er eitt av dei. På engelsk heiter slike tilsynelatande paradoksale utsegner oxymorons, etter to gamle greske ord. Oxys = skarp og moros = sløv (jmf. moron = engelsk for idiot, toskete). Innimellom passar det som hand i hanske å bruke eit slikt motsetnadsfyllt utsagn. Ein skulle tru at slike var ytterst sjeldne, men dei lever her og der i språket vårt. Her er nokre døme : levande døde, nye klassikarar, pianoforte, ekstraordinære, minusvekst, "virtual reality", konstant variabel, kontrollert kaos, åleine i mengda, uregelmessig mønster, bittersøt og den medisinske termen "idiot savant". Paradoksalt nok ser det ikkje ut til at vi har termen oxymoron på norsk. Så sjølvmotseiing, paradoks eller kontradiksjon er visst det næraste vi kjem.

Du må gjerne leggje inn dine beste oxymorons på bloggen min.

onsdag 9. november 2011

Gå på veggane

Veggen har mange uttrykk knytt til seg. Vi har allereie sett på "femte vegg". Å møte veggen (få et samanbrot), eige nåla i veggen og å tyde skrifta på veggen er tre av dei vanlegaste.

Så har vi uttrykket "å gå på veggane". I min daglegtale tyder det å vera eskalert, oppøst, nervøs eller sinna - vandre kvilelaust fram og tilbake og nærast være fysisk i stand til å "gå på veggane" av uro.

Av og til skjer det ei samanblanding av slike uttrykk. Og resultatet blir halvt det eine og halvt det andre. Åge Hareide/VG (Redd jeg skulle gå i veggen) og Göran Persson/Dagens Næringsliv (Kina vil gå på veggen) er to tilfeldig utvalde sitat frå media, som viser kor vanskeleg det kan være, når det skal gå fort. Av og til kunne det vore artig å vera floge på veggen i eit avishus, når det stormar som verst og deadline er minuttar unna.

Olja lyn

Olja lyn forstår vi på eit blunk. Det store spørsmålet er vel korleis ein skal olje det, og kven som tek på seg oppgåva. Uttrykket høyrer vel inn under omgrepet pleonasme. Eller smør på flesk, for å seie det på godt norsk. Og det er vel det beste, å bruke godt norsk. For vi er vel norske nordmenn frå Noreg?

Ifølge veldig usikre kjelder (ikkepedia) skal det ikkje vera tale om værfenomenet lyn, men lyntog. Som har fått seg litt olje. Og det er jo mykje lettare å utføre, sjølv om farten er noko tregare.

tirsdag 8. november 2011

Ad undas

I dag tar eg det enkelt og kort. "Ad undas" står for "i bølgene" og betyr at noko går skeis, på dunken, til grunne eller kanskje lukt "til pisis" (i stykker = to pieces). Opprinneleg eit uttrykk sjøfolk brukte når lasta i båten fall i havet og ikkje kom fram til mottakar. Av og til ser ein det skrive : "Det går til dundas", eller "det går ad dundas", det rette er altså ad undas.

mandag 7. november 2011

Cithar - ei misforståing?

Eg har alltid lurt på kva det er for instrument bergensarane dreg med seg til Ulrikens topp, når dei er tyngd av sorg...

Dei fleste av oss veit at Johan Nordahl Bruns tekst frå 1790 lyder "Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde; Sorgen forgik mig pa Ulrikens Top." Den vert uttalt "sitar" under framføring. Kan det vere ei misforståing? Lydar som har blitt forveksla? Umiddelbart ville eg ha gissa på ein gitar, og dermed uttalt C som "K" eller som "G". Opprinneleg var det bokstaven C som stod for både K og G lyden. I mellomalderen skulle C også dekke S-lyden og dermed vart det trong for å gjere noko for å unngå forveksling.

Caesar har difor ikkje blitt uttalt "Sæsar", men "Kajsar" som er meir i tråd med "keisar". Og "Cithar", som ikkje fans i den forma på den tida, ville nok ha blitt uttalt "Kitar" eller "Gitar" og ikkje "Sitar". Ein laga difor etterkvart ein liten loddrett strek på C og enda opp med G, for å hjelpe C som hadde fått for mange lydar. Dermed stod C att med lydane K og S. Slik vi kjenner det frå dagens camping og champagne. Nokre ord kan via misforståingar eller kryssing av landegrenser og språkområde ha hamna i feil boks. Eg seier kan, for dagens blogginnlegg er meir eit spørsmål, enn eit svar.

Det fins nemleg eit instrument som heiter sitar. Men det er uvanleg i Noreg, og sikkert like uvanleg då Nordahl Brun skreiv teksten til Bergens nasjonalsong. Her kan du studere kva wikipedia seier om sitar.

Det var truleg ein barokklutt han hadde i tankane. Men det ordet fall sikkert dårleg inn i teksten. Eg trur dei på den tid sikkert sa "sitar" og skreiv "Cithar" og at misforståinga allereie hadde skjedd. Hvis eg har rett, då...

Vi har mange ord på C eller som inneheld c, som vi må tenkje litt ekstra på før vi kan seie "S" eller "K". Men lyden "G" slepp vi å tenkje på når vi skriv C.

Andre lands namn på gitar er idag : guitar (dansk,engelsk), gitarr (svensk), guitarra (spansk), chitarra (italiensk) og Κιθάρα (gresk). K-lyden vert meir og meir markert di nærare ein kjem Roma og Athen.

søndag 6. november 2011

Hokuspokus

Handhelsar du på ein god tryllekunstnar nokon gong, bør du kanskje telje fingrane dine etterpå. Aldri godt å vite kva han kan finne på. Magikarar, tryllekunstnarar, taskenspelarar, vismenn, sjamanar, medisinmenn eller orakel, alle kulturar og folkeslag har hatt sine åndemanarar. Dei fleste idag er klår over at ein tryllekunstnar ikkje innehar magiske evner. At han berre er fingerferdig, god til å palmere objekt og til å få oss til å fokusere på feil område. For å setje ein eigen spiss på det heile har han ei verktøykasse med trylleformlar, som får oss lettare inn i transen. "Simsalabim" er eitt vanleg trylleord og "Hokus pokus" (gjerne med filiokus i tillegg) eitt anna.

Rim og bokstavrim som kling framand og suggererande er tingen. Vi får ei kjensle av 1001 natt og ånder i lampar. Av nyare dato har vi Harry Potter-bøkene, som har henta mykje av stemninga frå tida rundt Kong Arthur og magikaren Merlin. Men kvifor seier tryllekunstnaren "Hokus Pokus Filiokus"?

Forklaringa ligg i det sakrale. "Det kjem nemleg frå den katolske kyrkja sin nattverdsliturgi. I forvandlingsaugeblinken når brødet går frå å vere brød til å bli Jesu kropp, ringer ein med ei bjelle og presten seier; «Hoc est corpus Christi!», som på norsk tyder «dette er Kristi kropp!»." (frå wikipedia) Filiokus kan vere ei vridning av "filii corpus" (sonen sin lekam). Så lenge liturgien var på latin i kyrkja var det vanskelig for mange å få med seg kva som vart sagt og kva det tydde. Å gjere vin til blod og brød til kjøt inneheld jo også ein viss form for magi.

Simsalabim eller Sim sala bim har ein liknande forklaring. "Det kan vera avleidd av det arabiske «bismillah», 'i namnet åt Gud', som gjerne blir sagt av muslimar. Ein kan tenka seg at orda, framført av teknologisk og vitskaplege overlegne muslimar i mellomalderen, framstod som trollmenn for andre europearar." (frå wikipedia)

Til slutt kjem Abra Kadabra. Det kjem kanskje helst frå arameisk (abra kedabra) og tyder "eg skapar når eg snakkar". For å kome attende til Harry Potter kan ein nemne at dødsformelen (killing formula) i desse bøkene er det arameiske "avada kedavra", som tyder «eg øydelegg når eg talar», altså det motsette av abra kedabra. Det skal også seiast at nokre av desse tolkingane er omstridde eller uklåre.

lørdag 5. november 2011

Dilettant

Nokre ord har endra karakter opp gjennom historia. Eit slikt ord er framandordet dilettant. Ikkje så lett å skrive rett, men på norsk skal det altså skrivast slik. Opprinneleg eit lånord frå italiensk som tyder "person som likar kunst og musikk". (dilettare = å glede) Idag er det eit ord med negativ klang, ein som gjev seg ut for å ha kunnskap om eit emne, men som ikkje har det. Ikkje så langt unna slik eg framstår på denne bloggen. Eg er eigentleg ein som likar ord og språk, men som ikkje har den nødvendige kompetansen til å framsetje teoriar og underbyggje påstandar. Eg er ein engasjert amatør.(devoted amateur) Amateur kjem frå fransk og tyder ein som elskar noko. Amadeus tyder elska av Gud.

Eit anna ord som har gått frå nøytralt til noko negativt er ordet "idiot". Oprinneleg eit gresk ord som stod for mykje av det same som amatør. Altså ein legmann, ein utan utdanning. Det har gradvist gått over til å bety "ein som manglar viktig kunnskap om eitt eller fleire emne" til det idag står som eit skjellsord for ein som ikkje har forstand på noko som helst.

Blir ein kalla det eine eller det andre kan nokon kvar finne trøyst i at det i eldre tider har stått for noko meir nøytralt. "Reader, suppose you were an idiot. And suppose you were a member of Congress. But I repeat myself.", skriv Mark Twain i 1882. Og det fleksible "idiot savant" som er ein slags medisinsk term, tyder lærd ignorant ("belest idiot") - ein som har avgrensa evner på mange felt, men som har ei eller få ekstraordinære evner innafor heilt spesielle område.

Pedagog er også eit yrke som har hatt skiftande popularitet opp gjennom historien. Læraren, presten og lensmannen var mest sidestilte på toppen av det mest boklause bondesamfunnet i Noreg. Idag er det eit yrke på line med alle andre yrke. Elska av nokre, hata av andre. Opprinneleg eit gresk ord for ein slave som følgde ungane til skulen, og av og til hjelpte dei med leksene. Nokre meiner også delen ped har med "pes" (fot) å gjere (som i pedal), noko som tydde på at dette var folk som gjekk, og dermed ikkje eigde hestar eller annan form for transport. Men dette er usikkert. Også ordet "pedant" var eingong eit ord som rett og slett tydde lærar eller skulemeister. Idag vil vel dei færraste like å bli kalla ein pedant. (stivbeint regelryttar)

Apal

Kva skal ein med gamle ord, utgådd på dato, og ikkje lengre særleg levande i folkedjupet? Ja, sei det... Kanskje lesaren av bloggen har tankar om dette? Eit godt gamalt ord er apal, som tyder epletre. Ein apal er altså ikkje eit eple, men sjølve treet. Hadde soga om Newton vore skriven på nynorsk, ville han ha oppdaga tyngdelova sitjande under ein apal. "Newton under apalen". I staden var det kvinnheradforfattaren Jens Tvedt som i 1900 gav ut romanen "Madli und' apalen". For dei som ikkje skjønar dette er Madli eit jentenamn, og ho sit altså under ein apal og spekulerer på livets vanskelege val og tyngjande suter.

Olav H. Hauge er også ein diktar som har skrive om apalen fleire gonger, men så var han no også fruktdyrkar i det daglege, og visste det meste om treslag og vestlandsk landbruk.

Eldre folk frå Kvinnherad brukar enno ordet apal, men sjølv har eg aldri brukt det. Diverre (eller heldigvis?) vil nok ordet døy ut om nokre år, og bli eit ord du berre finn i ordbøker.

ASAP - helst i går

I dag vil eg skrive litt om eit ganske nytt fenomen, som har vakse og vakse i omfang. Det har sitt eige namn, akronym. Akros tyder ytterst eller øverst og onoma tyder namn, og begge kjem frå gresk. Eit meir daglegdags ord kunne vere initialord. SAS kan vere eit godt døme, det ligg godt i munnen å seie "sass" og ikkje S-A-S, og dei fleste av oss veit at det står for Scandinavian Airlines System. Og at SAS er danna av initialane i ordet. Dersom forkortinga ikkje hadde danna eit "nytt ord" men berre rare bokstavar, til dømes KLM talar ein ikkje om eit akronym. Utan at eg er heilt sikker på det, så trur eg at britane ikkje ser på SAS (Special Air Service) som eit klassisk akronym.

I gamle dagar var det vanleg at store selskap hadde lange, kronglete og omstendelege namn. På eit tidspunkt på 1900-talet gjekk ein bort frå desse gamaldagse mastodontnamna og slanka det ned til nokre få bokstavar. Gjerne til eit ord som lett kunne lesast og hugsast. "Det Østasiatiske Kompagni" vart til ØK og det meir moderne "International Business Machines" vart IBM. Ikkje alle desse orda er like lette å lese som eit nytt ord, og ligg i grenseland for å kunne kallast initialord.

Så langt har vi sett på namn på selskap. Det er kanskje her ein ser den hyppigaste bruken av akronym. Her er nokre eksempel : Texaco (The Texas Company), Esso (eigentleg SO = Standard Oil), Braathens SAFE (South America Far East og ikkje "safe = trygg") og NATO (North Atlantic Treaty Organization). Eit akronym som legg seg litt på tvers i munnen er kanskje FYROM, som er namnet på eit land. (The Former Yugoslav Republic of Macedonia = Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia) Kanskje ein burde konsultere eit reklamefirma på å finne opp eit betre namn? Som ein ser er det ein ikkje nøydd til å utelukkande bruke den første bokstaven, men kanskje dra med seg eit par til for å få rette svungen på ordet.

Innafor medisin er det blitt meir og meir vanleg med korte fyndige namn på medisiner og sjukdommar. AIDS står for "acquired immune deficiency syndrome" og skal ein halde eit foredrag om emnet, er det sjølvsagt noko å spare på å kunne snakke om "eids" og vere sikker på at folk skjønar kva som er meint. Og amfetamin er nok lettare å uttale enn alpha-methyl-phenethylamine. Blar ein litt i felleskatalogen eller i medisinske leksikon finn ein mange slike døme.

Ein eksplosiv auke i akronym har kome etter framvoksteren av datamaskiner, programvare og internett. CD-ROM (Compact Disc read-only memory), FAQ [fæk] ( frequently asked questions) GIMP (GNU Image Manipulation Program) er gode døme. GNU er forresten eit spesielt uttrykk sidan det humoristisk refererer til seg sjølv og dermed vert kalla eit rekursivt akronym. GNU = GNU’s Not Unix. Liknande rekursive initialord er VISA (Visa International Service Association) og Jack-plugg (JACK Audio Connection Kit)

Kva med dagligdagse ord? Nei, der finn ein ikkje så mykje av dette. Men nokre halv-vanlege ord har vi likevel. Til dømes radar (radio detection and ranging), laser (Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation), Gestapo (Geheime Staatspolizei) og Pin-kode (Personal Identification Number).

Er det nokon som veit om det aller første akronymet i historia? INRI er vel ein god kandidat. (Iesus Nazarenus Rex Iudaeorum - "Jesus frå Nasaret, kongen over jødane"). Motkandidatar er velkomne i kommentarfeltet.

Det er effektivitet, slagkraftighet, det korte si evne til lettare å feste seg i hjernen som er dagens motto. Det kan ikkje gå fort nok eller vere kort nok. ASAP som det heiter på "internettsk". (As Soon As Possible). Helst i går. 10-4 (ten-four) som dei seier i krimfilmar. Roger and out. Er du inne i terminologien heng du med, skjønar du det ikkje fell du lett utafor. CU (see you, som det heiter i visse kretsar). Kva ein skal gjere den dagen ein ikkje ein gong har tid å skrive eller lese desse to-tre bokstavane, veit eg ikkje.

Rakkarunge

Nokre skjellsord er grove, nokre vert rekna som mindre grove. Konfirmasjonspresten min brukte å seie at om vi let ordet "ho'n" (hunden) falle når vi var sinte, var det som synd å rekne. Vi kunne seie "katten" istaden for det var ikkje så gale, meinte han. Eigentleg kan ein vel seie kva som helst, sidan det er tanken bak som er viktigast. Men det har nå likevel vakse fram eit stort vokabular av bannord og ukvemsord, som vert nytta i tide og utide. Nokre ord har mista krafta si og er blitt mest stovereine å rekne. Kanskje du og mange med deg har tenkt eller sagt "Å, din rakkarunge!" ein eller annan gong. Idag eit musealt ord sidan vi ikkje har rakkarar lengre, men ein gong i tida var det bortimot det verste skjellsordet du kunne kaste over eit stakkars barns hovud.

Rakkaren hadde ei nødvendig rolle i samfunnet, men oppgåvene var mildt sagt lugubre og han var difor ein person ingen ville ha noko særleg med å gjera. Rakkaren vart også kalla nattmann, avdi ein del av oppgåvene vart utført nattestid. Han var bøddelen sin hjelpemann og fjerna restane etter at folk hadde sett nok. Han skulle tøme doane til folk om natta, fjerna døde dyr i gatene og kastrere hestar. Det er vel ikkje til å undrast over at ungane han fekk hadde tronge kår. Det var mest ingen som ville ha noko med nattmannen, kona eller ungane å gjere. Å bli kalla rakkarunge må ha vore eit ord som svei i øyra.

Etter at yrket rakkar forsvant frå samfunnet bleikna ordet smått om senn. Då NRK skulle sende serien "Our Gang" (The Little Rascals) vart det kalla "Rakkarungane", truleg med både kunnskap om kva ordet stod for og at ordet hadde mista mykje av si grusomme kraft. The engelske ordet "rascal" står for pariakaste, dei utstøytte eller dei som er nederst på rangstigen. Så det må vel seiast å ha vore ein treffande tittel, trass alt. Her kan du få eit glimt av rakkarungane. Serien starta som små stumfilm-episodar så langt tilbake som i 1922. Den var banebrytande avdi den viste kvite og farga barn som leika saman, noko som ikkje var så sjølvsagt den gongen.

Informasjonen om rakkaren har eg funne litt her og der, men på denne nettadressa står det skildra ganske så konkret og levande.

fredag 4. november 2011

Orkidé - og andre skjellsord

Ein diplomat skal visstnok vere ein som kan fornærme deg utan at du er klar over det. For oss andre kan det vera lurt å ha nokre (tr-)uskuldige ord i bakhand om vi skulle trenge eit ukvemsord i ny og ne. Kranglar du med kjæresten, kan du til dømes kalla han eller henne ein orkidé. Ordet skal visstnok stamma frå gresk og tyda testikkel. Eg har også lese at namnet på frukta avocado stammar frå eit indiansk ord for det same, ein testikkel. Forma på og innhaldet i denne frukta må vel seiast å ha eit visst slikt preg.

På nettet finn vi Orkidé Massasje i Fredrikstad og noko som kan tolkast som ein skikkeleg guteklubb i Kristiansund (Orkidé - Ordfører og Rådmannskollegiet for Nordmøre). Vi får nøyast med å tenkje på orkidéen som ein vakker blomst og ikkje legge for mykje vekt på dei klumpete og knolliknande røtene, som helst ikkje skal vise uansett.

Ønskjer du å slå på stortromma, utan at det blir reagert i altfor dramatiske vendingar kan du ha ordet porselen i sekken med skjellsord. Det stammar fra det gamle italienske ordet "porcellana" som var namnet på huset til sneglar i kauri-familien. (kauri/cowry/cowrie = sjøsneglar, som også blir kalla porselenssneglar) Desse skjela var mykje brukte til både smykker og pengar, og fekk sannsynlegvis namnet sitt frå likskapen med kjønnsorgana til ei purke. Nåja, ein skal helst vite kva ein kallar folk...

Byen Porsgrunn er kjend for sin porselensfabrikk. Men "pors" i Porsgrunn kjem frå planta pors, som fins i området. Så "Porsgrunn porselen" har pussig nok pors i to ulike tydingar. Og eg som trudde det heitte "porselen" fordi det vart laga i Porsgrunn. Så feil kan ein ta. På engelsk vert mykje ordet "china" brukt om porselen, og det gjev ein god peikepinn på kvar produktet opprinneleg kom frå.

onsdag 2. november 2011

Bjerknes krater

Bjerknes er eit nedslagskrater på månen, som ligg på den sørlege halvkule på månen si bakside. På grunn at at ikkje månen ikkje roterer, er krateret ikkje synleg frå jorda. Namnet har krateret etter den norske fysikaren og meteorologen Vilhelm F. K. Bjerknes (1862 - 1951).

Å nemne ein ting, eit fenomen eller eit produkt etter ein verkeleg eller ein fiktiv person kallast eit eponym. Bruken av slike eponym er vanlegare enn ein skulle tru. Akilleshæl, røntgenapparat, Downs syndrom, sandwich, geigerteljar, casio og colt er namn som er avleidde av personars namn. Roma er oppkalla etter Romulus, Kristiansand etter Kong Christian, medan både quisling og sadisme har blitt gangbare ord i språk verda over. Det er vanleg i astronomien, i samband med medisin (sjukdomar og i helsestellet) og i vitskapen. Innafor alle desse tre områda har det blitt vanleg praksis å kalle oppfinninga eller oppdaginga etter han/ho som første gong påviste det.

På engelsk fins fleire verb og substantiv som er kalla opp etter personar eller merkevarer. "To hoover" er vanleg å seie for å støvsuge, "to xerox" er verbet for å ta ein kopi, og i nokre språk er "pampers" namnet på bleier. Vi har det også i det norske språket. Morsealfabetet og saksofonen er to eksempel. Det er også mogleg at eit merkevarenamn kan vekse til å bli det folkelege namnet på sjølve produktet. Potetgull er eigentleg et merkevarenamn frå Maarud. Og primus, champagne og det lettare gamaldagse "walkman" er merkevarenamn som har blitt felleseige. Særnamn som har blitt samnamn.

Så kan vi kvar på vår vesle tue drøyme om å få eit hol på baksida av månen med vårt namn på. Ingen likar tanken på å ikkje setje spor etter seg. Eit av verdas mest kjende fenomen, frå krigsområde til toalettveggar er personen "Kilroy". Vil du vite kven Kilroy (kanskje) var, kan du klikke her.

Stå last og brast

Eit gamalt uttrykk som har kome til oss frå tysk og dansk er "å stå last og brast med nokon". Ei av tydingane ein ser er " å stå saman i fåre og motgang" og denne er nok meir i tråd med opphavleg tyding, enn den andre ein kan sjå "å stå saman i medgang og motgang". På same måten som ein kan vera i tvil om "klaga og kyta" uttrykker to like eller to motsette ting, har ein det med dagens uttrykk. Vi får ta ein kikk...

Ordet last er lett å tyde, sidan det er i bruk i daglegtalen. Det er eit tysk ord som har vandra inn i Noreg, mest sannsynleg via Danmark. Vi har sideformer som "liggje nokon til last", "hastverk er lastverk", å ha laster (uheldige eller skadelege vanar), å klandre nokon ( å laste nokon) eller å tære på noko ( å belaste kontoen ). Men kva er brast?

Brast er eit dansk ord, som er tett i slekt med brest (brist). Det står for skade, skår (skår i gleda, håpet som brast), mjølka som brest når ein lagar ost og dravle. Vi kan difor slå fast at dagens uttrykk står for å halda saman i motgang, og at å halda saman i medgang og gode tider er underforstått. Å seie "stå saman i last og brast" som vi av og til møter er ikkje heilt korrekt. Uttrykket skal helst brukast slik "å stå last og brast med nokon". Det er gamaldags, og kanskje på veg ut av språket. Vi har gode alternativ, så noko stort tap er det kanskje ikkje...

tirsdag 1. november 2011

Alen

Gamle namn på lengdemål har vi mange av. Nokre er mest ikkje i bruk, medan andre lever eitslags "liv etter dauden" i ordtak og talemåtar.

Ei alen er nært knytta til lengda på underarmen. Hadde ein ikkje eit standarisert system, fekk ein bruke det ein hadde på seg og med seg. Tomme og fot er vel nærast sjølvforklarande, medan albogen eller lengda på underarmen altså er knytt opp mot lengdemålet "alen". I Store Norske Leksikon kan ein lese om ulike alen-lengder som har vore i bruk opp gjennom tidene :

"I Norge brukte man i middelalderen enten alen-stikke (ca. 55 cm) eller tommel-alen (18 tommer, ca. 47 cm). Fra 1541 ble sjællandsk alen (ca. 63 cm) påbudt som lengdeenhet ved handel og vandel i Danmark og Norge. Den ble i 1683 fastsatt som to rhinlandske fot (62,8 cm), og dermed fastlagt i forhold til en tysk lengdeenhet. Norsk alen, fastsatt ved lov av 1824, var delt i 2 fot à 12 tommer à 12 linjer – den var 62,75 cm. Ved innføring av meteren i 1875, ble metrisk alen satt lik 60 cm for bruk som vedmål.

I Bibelen brukes alen i Det gamle testamente om en babylonsk alen (ca. 50 cm), og i Det nye testamente om en latinsk alen (ca. 45 cm). Den britiske ell er 114 cm, mens den britiske cubit (lik 18 tommer) tilsvarer en gammel (latinsk) alen." Kjelde : snl.no

Så var det dette med å leve vidare i ordtak og talemåtar då... Frå tid til annan kan vi lese om at ein person har "lagt alen til sin vekst" når han eller ho har gjort eit lite sprang i utviklinga si. Det er såpass innarbeidd i språket at det er vel berre å godta det som god norsk. Men ordtaket i si opprinelege form er " Ingen kan leggje ei alen til si vekst." Som kan seiast å vere omtrent det motsette av dagens bruk.

mandag 31. oktober 2011

Ugler i mosen

Det danske uttrykket "Ugler i mosen" - eller "Something is rotten in the state of Denmark" som Marcellus seier til Horatio - tyder at der er indikasjonar på at noko ikkje er slik det skal være. Det står for ein mistanke om at noko er gale. At skjulte fårar trugar i nærleiken. Uttrykket er enkelt å forstå sjølv om ein må vri det litt for at det skal passe med originalen.

Først av alt må ein skjøne at det danske "mose" er ei myr eller eit myrområde. Det er altså noko som lurer i myra. Men ugler var opphavleg ulvar, det var ulvar som lurte i myra. Ulver i mosen. Der er vel knapt ein einaste ulv igjen i vill tilstand på den danske hede, men slik var det nå eingong. Ei liknande vriding frå ulv til ugle, har ein sannsynlegvis i ordet "uglesett" som ein gong har vore "ulvesett". (å ha blitt sett på med ulvens vonde auga) Ulven har nok aldri vore den store kjæledeggen i nordisk fauna. Her er eit døme på bruken.

Forvansking av ord og uttrykk som vandrar over landegrensene, ei slags "lost in translation", har sitt eige uttrykk. Ein kallar det "falsk etymologi" eller "folkeetymologi". Eg kjem sikkert attende med fleire slike døme seinare.

søndag 30. oktober 2011

Å stiltre seg

Verbet å stiltre kjem opphavleg av å gå med stive bein, som når ein går på stylter. Spesielt lydlaust er det kanskje ikkje. I våre dagar har det fått tydinga å gå stille, sjølv om ordet er lite brukt.

Romjulsdrøm av Alf Prøysen er einaste staden eg veit om at "stiltre seg" fins i litteraturen. (...før dom fekk stiltre seg på tå i gangen...) Er det nokon som veit om ordet fins i andre bøker eller tekstar?

Å gå på tå, å smyge seg fram, å lista seg bortover, å lura seg innpå, å gå på gummisålar... Gode synonym - men det er rart at ein ikkje har eit enkelt verb på norsk for det å forflytta seg lydlaust. Merkeleg at ein må bruka omskrivingar eller omgrep. Stiltre er eit slikt enkelt verb, som burde vore meir brukt. Heime var stiltre eit vanleg ord då eg var liten. "Vi måtte stiltre oss, for dei vaksne skulle sove middag."

lørdag 29. oktober 2011

Non - den niande timen

Ordet non kjem frå det norrøne nón og frå det latinske nona. Det har altså med talet ni å gjere. Nokre stader i landet er det i 15-tida, andre stader i 16-tida på ettermiddagen. Men korleis kan dette bli den niande timen? (Nona hora = niande timen [latin]) Ein må sjå det i høve til soloppgang. I dei gamle bondebygdene var det tidleg opp og seint i seng som var god latin. Skulle ein nå å nytte doggen i graset, for då var det lettast å få ljåen til å bite, måtte ein ikkje vera oppe seinare enn sola. Helst før ho hadde tørka opp teigen. Rekna frå klokka 06.00 vart derfor den niande timen kl. 15.00. Som er det tidspunktet ein sette seg ved bordet og åt nons. (nonsmat)

Det fjellet eller fjellformasjonen sola stod over ved nonstid, vart ofte kalla nonshøgda, nonsfjellet eller nonsskar. I det klokkelause samfunnet fekk ein lite på sola, som kanskje var noko oftare å sjå dengong.

Det norske non kjem difor ikkje av det engelske "noon" eller "afternoon", men det er rettare å seie at desse to engelske orda også kjem frå det latinske Nona (hora). Sjølv om noon på engelsk har blitt ordet for midt på dagen, altså klokka 12. For det skal ikkje vera lett å forstå slikt.

Non (nonstid) er namnet på tida. Nons (nonsmat) er namnet på måltidet.

torsdag 27. oktober 2011

Skykkje-skukk

Språket, og ikkje minst dialektane våre er fulle av fantastiske ord. Det er auga som les eller øyra som høyrer som set største avgrensinga i opplevelse. Dagens ord er eit slikt fantastisk ord. Det er dialekt, eg er faktisk usikker på stavemåten - og eg er usikker på kor mange dialektar som har dette rare ordet

Fyrst må vi dele det opp litt. Ei skykkje er eit uthus på ein gard, i min dialekt står det helst for vedhuset. Skal du halde deg god og varm gjennom vinteren bør du ha skykkja full av tørr ved seinhaustes. Vedhuset var ofte temmeleg primitivt konstruert. Det måtte vera vegger, golv og tak, men stort meir enn det var det ikkje. Taket kvilte på bjelkar, der tverrbjelken i kvar sperr vart kalla skukk. Ofte laga av heile trestammer, lik telefonstolpar. Å klatra i og å sitja og fundera på livet oppå ein slik skykkjeskukk var artig for ein gutunge. Ofte kunne ein katt finne på å gjere deg selskap, og det var passe høgt ned så det kjendest både litt skummelt og ganske trygt samstundes. Skykkjeskukken er eit ord det mest ikkje er råd å spore på internett. Så eg høyrer kanskje til siste generasjonen som har sete på ein slik?

Radøy i Hordaland ser det ut til å stå for heile andre etasjen i skykkja, noko som kan tyde på at det var vanleg med golv oppå sperrene der i eldre tid. Og på Fykse i Fyksesund (ikkje langt frå Øystese i Hardangerfjorden) har dei eit forsamlingslokale kalla Skykkjeskukken.

Eg ber lesaren legge trykket på "s" i skukk for å få rette lyden. Om ein slurvar her, kan ordet lett få feil assosiasjonar.

Kjetta

Idag eit enkelt og liketil ord, som framleis finst i dialektane. Sidan det ser ut til at bruken går noko tilbake, vel eg å ha det med her. Ei kjette er ein heilt vanleg hokatt.

Mest kjend er kanskje "Kjetta på Dovre" og "Kjetta som var så fæl til å ete" frå folkeeventyra. Orda kåt, kjælen og kjæte har kanskje noko med katten eller kjetta sin måte å vera på å gjere? Om ikkje heile tida, så ifall høvet byr seg.

Dagens kuriosa er kor lite som skal til med eit ord, før det får ei heilt anna tyding. Seier vi kjetter eller kjetting har vi straks med heilt andre saksområde å gjere.

tirsdag 25. oktober 2011

Kyta - lite ord med to meiningar

"Dei vil alltid klaga og kyta..." står det i den gamle visa. Orda er Ivar Aasen sine, og diktet er frå 1855. Å lesa eit dikt av Ivar Aasen kjennest på mange måtar som å lese ord som er hogge inn i stein. Dei har ein eigen klang, dei handlar ofte om gamle sanningar - og på same måten som "dei gamle fjell i syningom" så får ein kjensla av at dei vil vera der så lenge menneskeslekta fins. Men det var dette ordet kyta då. Eg har alltid trudd at det handla om eit negativt uttrykk, at klaga og kyta var ord som stod for det same. Det var før eg møtte synet på at kyte også kan bety å skryta, omtala i rosande ordelag. Rart at eit lite puslete ord kan ha to så motsette tydingar.

Logikken i verset tilseier likevel at det må vera tydinga "kjeftar" eller "skjenner". Denne tydinga står i nynorskordboka, saman med den andre tydinga " å skryta". I bokmålsordboka står berre den eine varianten, den om skryting. Korleis ordet har fått den ekstra tydinga på nynorsk veit eg ikkje, men det kan no tenkjast at Ivar Aasen har kome over ordet i si jakt på landsmålet, og antan misforstått eller fått feil tolking av dei han oppsøkte. Eller at ordet på den dialekta faktisk hadde fått den nærast motsette tydinga. Eg vel i alle fall å tyda det som kjefting i dette aktuelle diktet.

Kva plassen "Kyte" i Voss kommune er oppkalla etter veit eg ikkje, men det skulle vore interessant å vite kvifor denne staden har nettopp dette namnet.

Her er heile diktet i all sin prakt. Les det gjerne høgt, med patos. Så du kan få opplevinga av nynorskens svar på Moses, skridande ned frå fjellet sitt med ord som ikkje så lett går ut på dato.

Me skal koma, um inkje so braadt (1855)

Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.

Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru.

Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.
Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Ivar Aasen-tunet 1997/2009.
kjelde : Aasentunet

mandag 24. oktober 2011

Fru Blom og andre idiom

I Noreg har vi tradisjon for å opptre i samsvar med ei usynleg lov som truleg krev at skal audmjuke og ikkje stikke oss fram. Aksel Sandemose kalte det Jantelova. Skryt nokon av maten vi har sett fram på bordet, er det god skikk og bruk å leggje vekt på at det var no ikkje så rare greiene. Iblant kan ein oppleve konsertarrangørar stå på scena etter ein konsert der dei "...berre vil overrekkje denne blomsterkvasten..." Eksempla er mange. Underdrivinga har god grobotn i norsk veremåte. Dei meir fornemme av oss slengjer kanskje ein liten "... fru Blom" som ei ekstra kokettering på slutten av setninga si. Kven var no eigentleg denne "fru Blom?" Dette spørsmålet førde meg til denne artige bloggen som er velskreven og interessant. Eg vel difor å dedikere dagens innlegg på min eigen blogg til Per-Erik Skramstad. Her finn du svaret på mange finurlege og interessante spørsmål. Eg har vald ut nokre av mine favorittar. Har du ei ledig kveldsstund kan eg tilrå eit lite dykk.

Å kokettere har forresten med hanar (Cocks) å gjere - å briske seg som ein hane. Så er det sagt.

Fru Blom er eit uttrykk som kjem frå Alex Brinchmanns lystspel «Karusell» (1940).

Og har du lurt på kva uttrykket I grevens tid stammar frå. Les og bli klok.

Er du musikkinteressert og oppteken av språket er kanskje Runkehorn av interesse?

I same snuen kan det kanskje vera på sin plass å slå fast kva eit idiom er? Eg kjem seinare med lekkjer til andre stadar om språk og uttrykk på nettet, idag var det Per-Erik Skramstad eg ville peike på.

fredag 21. oktober 2011

Å kovne

Å kovne er eit godt gammalt ord. Det betyr å kvelast, å ikkje få puste eller å ha store problemer med å puste. Nokre brukar det for kjensla av å ha så mykje klær på seg i høve temperaturen at ein føler ein ikkje får nok luft.

Ordet kjem av det gamle "kov" som betyr røyk, damp eller å vera tungpusta. Det fins både på nynorsk og på bokmål. Ordet snøkave (tett snøbyge) har ordet "kov" i seg.

Bruk : 1. "Det vart så varmt at eg mest ville kovna"

2. "Det var ein frisk Vindspust i den tunge kovne Luft for der stakkars Folk i den preste- og kongeridne Tid, at kunna eingong om Aaret liksom skaka af seg desse Ridarar." - Aasmund O. Vinje 1867 Om karneval

3. – Æ holdt på å kovne, sa Hushovd da han skulle beskrive de siste meterne av åpningsetappen på årets Tour de France. Uttrykket betyr det å gå helt tom, eller nærmest kveles av varme, men Hushovd bekreftet at besvime var veldig nært. - Tour de France 2011 Aftenposten

torsdag 20. oktober 2011

Gnav - bannlyst og elska

Kortspelet gnav vart funne opp i Italia seint på 1300-talet. Det var eit hasardspel der folk kunne spela med høge innsatsar. Etter at mange hadde spela seg frå gard og grunn byrja ein med dei første reguleringane og forboda. Så dei som trur at dagens restriktive politikk mot gambling er ei ny oppfinning, tek feil. Gnav var eit kortspel med 38 kort, sett saman av 19 par. Seinare vart det modernisert og består idag av 42 kort som er sett saman av 21 par.

Da spelet kom til Tyskland fekk det namnet "Vogelspiel" på grunn av biletet på det høgste paret "Gauken". Difor heiter spelet også "CuCu" i Italia. Kjært barn har mange namn, som ein seier. Ordet gnav skal visstnok stå for lyden (gnao = mjao) av dyret som var avbilda på det opprinneleg høgste kortparet : Katten. Til Noreg kom kortspelet med danske embedsmenn og det spreidde seg raskt. Den rett så pietistiske kongen Christian IV innførde forbod mot kortspel i Noreg, noko som førde til at spelet oppstod som brikkespel. Ja, den gong som no visste gamblarar korleis ein skulle omgå lover og reglar.

Dei 21 para med kort er (rekna nedanfrå og oppetter) : Narren, Ugla, Potta, 0, I, II, III, IIII, V, VI, VII,VIII, IX 9., X, XI, XII, Huset, Hesten, Katten, Dragonen og Gauken. Merk : I høvet romartal er IIII (4) ikkje korrekt skrive. Og IX 9. vart også skrive på denne litt rare måten. Det er truleg at kunnskapen om romartal ikkje lengre var på topp i det dansk-norske embedsverket. Nokre utgåver av spelet manglar kortet 0, medan andre har andre namn på biletkorta. Sjølv hugsar eg både dei stirande augene til ugla, gauken i tretoppen og den mystiske dragonen som reid avstad med sverdet heva. Eg hugsar ikkje heilt att reglane, men minnest vi spelte det litt som det kortspelet eg kjenner som "Svelt i hel" der ein spelte kort mot kort til ein ikkje hadde att fleire, og dermed hadde tapt. Vi spelte det helst ved juletider, og hadde ingen innsats som stod på spel så vidt eg hugsar. Det går enno fint an å få kjøpt Gnav i enkelte butikkar. Eg trur eg skal ha ein slik liggjande i huset ein stad. Men det er mange år sidan den var framme.

Gnav er også namnet på ein poltergeist i Harry Potter-bøkene samt første del av det danske ordet for gjerrig eller påhalden, gnaven. Kanskje fins det også andre utgåver av ordet.

onsdag 19. oktober 2011

Vegen for Agra

Historia om landbrukets heilage kuer med og utan palmehorn. Eller historia om melange.

"Odelsgutten K.K. Heje fra Flå i Hallingdal, startet i 1885 «A/S Agra Margarinfabrik» på Grünerløkka." (kjelde : wikipedia)

Men historia startar noko før, og handlar også denne gongen om franske soldatar, mat og økonomi. Napoleon III hadde lyst ut ein konkurranse der han ønska ei billeg erstatning for dyrt smør til franske soldatar. I 1869 tok den franske kjemikaren Hippolyte Mège-Mouriés ut patent på margarin laga på isolerte fettsyrer av oksetalg og skumma mjølk. Det blei lansert som eit billeg smør for arbeiderklassen og hæren. Populariteten til produktet tok likevel ikkje heilt av, truleg på grunn av rykter om at det var laga av døde dyr. Heje satsa soleis i ei trang nisje, med eit produkt som måtte forbetrast for å fenge dei store massane.

I 1919 kom Agra-fabrikken med nyvinninga dei kalla melange (= blanding, bygd på måten det vart produsert på [kjelde : melange.no]) og må seiast å ha vore ei stor forbetring av margarin. Smaken, og eigenskapane ved steiking og baking vart snart ein suksess. Bildet på margarinpakken var ei ku, kalla Agra-kua med to horn av palmetre. Denne logoen fall landbruksnæringa tungt for brystet, då dei ikkje ville ha det nye produktet assosiert med kyr eller mjølk. Med margarinloven i hand tvinga styremaktene Agra til å modifisere logoen, så det kunne godkjennast. Idag ser det mest ut som ein hjort. Men med to palmetre som horn har dei halde fast på. Trur du meg ikkje kan du kjøpe ein pakke Melange margarin, og studere pakken.

Agra er idag eit norsk merkevarebasert næringsmiddelkonsern med fabrikkar i Noreg, Sverige og Danmark. Konsernet omsette i 2005 for ca. 2 mrd. kroner. (kjelde : wikipedia)

- Som et apropos kan nevnes uttalelsen fra Roald Amundsen i 1925 at ”Melange blev anvendt paa hele den siste ferd, og den beste anbefaling jeg kan gi Deres produkt er, at samtlige medlemmer trodde de spiste meierismør”. (kjelde : melange.no)

Kuriost nok vart margarin eit nøkkelprodukt for å tette hol i skroget på MS Nordlys som låg brannskada i hamna i Ålesund september 2011. Utruleg, men visstnok sant. Har du prøvd å ta margarin ut av kjøleskapet og bruke det med ein gong veit du litt om kva som skjer mellom margarin og låge temperaturar. I det tilfellet kom margarinens spesielle eigenskapar til sin rett. Neste gong du skal ro fjorden etter pale eller makrell, kan du godt ha ein halvkilos Melange margarin liggjande på lur i tilfelle havari.

Ambar og tine

Ambar er eit vakkert ord. Både klangen i ordet, bokstavane som passar så fint etter kvarandre og assosiasjonane eg får når eg les det. Blant anna tenkjer eg på rav når eg les ambar. Og det engelske jentenamnet Amber. Tine har også positive vibrasjonar knytta til seg. Også det eit jentenamn, det er godt handverk og det er klangen av norsk kultur.

For å forstå handverket må ein tenkje på at ein frakta ofte flytande varer i ambaren. Mjølkeprodukt. Fløyte, mjølk, smør eller ost. Skyr (surmjølk) eller dravle. Det måtte vera tett. Derfor lagga ein ambaren. På same måten som med sildetønner sette ein stavar saman vertikalt. Og batt det saman med t.d. vidjeband. Desse stavane måtte vera nøyaktig laga, og vera ei aning bøygde, for at ambaren skulle få si runde form. Lokket måtte også vera tett slik at ein ikkje vart nøydd til å gråta over spilt mjølk. Dei som trur at slikt er lett kan jo prøve å laga ein sjølv.

Ordet ambar kjem kanskje frå gresk, utan at eg veit noko meir om nett det. Det kan og tenkjast at det har samanheng med det franske "chambre" som tyder rom eller kammer. Frå fransk har vi innført fleire ord og uttrykk, der det fonetiske er mykje godt halde og der skrivemåten er fornorska. Synonymet til ambar - tine - er eit slikt ord, som kjem frå det franske "cantine". Opprinneleg ei feltflaske til bruk for soldaten i krig. Seinare utvikla ordet seg til å stå for ei hestekjerre med påmontert feltkjøken. Til å halda liv i franske soldatar. Idag betyr kantine ein stad der arbeidarane ved ei bedrift kan ete maten sin, eller kjøpe mat - ofte subsidert av bedrifta. Men den vesle tina har overlevd i språket. Tina står so fast i språket at då Norske Meierier skulle samlast om eit nytt firmanavn, valde dei TINE.

mandag 17. oktober 2011

Frohatt

Det gamle ordet frohatt skildrar skummet som legg seg på toppen når ein tappar øl. Altså ein skumtopp på øl. Vi finn att "fro" i ord som "fråde" som ein helst ikkje skal ha rundt eller i munnen.

I eit folkeeventyr frå Sognefjorden finn ein den vanlegaste bruken av ordet : Da kjøkemesteren hørte det, gikk det et stort smil over det blanke ansiktet hans, som tydelig nok vidnet om hvor gjevt bryllupsølet hadde vært; - han nikket hullsalig og rakte Bård et mektig krus med frohatt på, friskt tappet av en "nysprettet hjemferdsdunk". Les meir

Ordet er også blitt nytta i overført tyding. "Men Lars Berskog glemte nok ikke forsmedelsen, for i 1671 gjengjeldte han overfallet grundig, med god hjelp av Torkjel Viulstad. Da Arne Landfall og Kjell Myre kom til åstedet, fant de datteren i benken og så at «blodet løp gjennom hennes kjever». Pål og kona lå i senga; Pål hadde hull i hodet, og kona var slått i hodet så «blodet med frohatt stod gjennom kledet». Men de kom seg, og Pål dreiv gården inntil Johan von Cappelen i 1689 utstedte skjøte til Påls sønn..." Frå Lier kommunes historie

Som ein kuriositet må ein ikkje forveksle det med det amerikanske ordet "frohat", som tyder "Hairstyle consisting of the trimming of ones (afro) into a structure resembling that of a hat usu. with a brim." frohat

Tyl

Ein tyl (Ei tyle) er eit nedsetjande ord ein brukar om eit menneske som gjer dumme ting. Det kan oppfattast ganske synonymt med "tosk" eller "tulling". Men ordet tull skal visstnok ikkje ha det same opphavet, å tulle betyr opprinnelig å spinne rundt og rundt. Ein tyl driv med tyleskap eller tylfakter.Opphavet til ordet tyl er usikkert.

Det er eit vestlandsord, eg har høyrt ordet bli brukt i Sogn og så langt sør som på Voss. Det kunne vore interessant å høyre om ordet blir brukt andre stader i landet.

Jens Brekke frå Vik i Sogn gjer kvart år ved juletider ut heftet "Illustrert tyleskap". Les meir om Jens Brekke herSå er du usikker på tydinga av ordet, går det an å sikre seg eit slikt. Elles er "Du, din tyl" eller "For ein tyl!" vanleg bruk av ordet.

søndag 16. oktober 2011

femte vegg

Femte vegg er eit uttrykk som viser til det femte laget med stokkar i ein gamal tømmervegg. Enten den femte stokken eller området under den femte stokken.

I retteleg gamle stover kunne stokkane vere tjukke, så eit godt stykke opp på veggen var det i alle fall. Takhøgda i gamle hus var også lågare enn standarden er idag. Utrykket er mest kjend i skjemtesongen "Truls med bogen" som skal vere rett så gamal. I den songen heiter det at Truls slengde kongen opp på femte vegg. Det høyrest i utgangspunktet ut som ein kortvaksen konge eller tjukke stokkelag.

Å Truls han tente i kongens gård
i femten vintrar, i femten vår'.
"Gi meg løn!" sa Truls med bogen.

"Nei, inga løn har no du fortent,
mi beste børse har du bortskjemt."
"Si du det!" sa Truls med bogen.

"Å alle mine hestar har du sprengt,
og stalldøra har du mot meg stengt!"
"Gi meg løn!" sa Truls med bogen.

Truls tok opp ein pengepung,
og dreiv til kongen midt i munn.
"Kyss den!" sa Truls med bogen.

Truls tok kongen i hår og skjegg,
og slengde han opp på femte vegg.
"Sit du der!" sa Truls med bogen.

"Å kjære min Truls, du spar mitt liv,
mitt halve rike skal eg deg gi."
"Kom med det!" sa Truls med bogen.

Det er folk som den dag i dag kan seie : "Då vart eg så sinna at eg kasta det i femte vegg." Altså for å få ut frustrasjon eller sinne. Vidare brukar ein å "skvette vatn på femte vegg" eller å "bære vatn til femte vegg". Som tyder å vaske opp til det femte stokkelaget på veggen.

I dei siste åra har ein meir metafysisk omgang med uttrykket vakse fram. Ein referer til taket i eit rom som den femte veggen, Ein skiljevegg kan bli kalla den femte veggen. Eller kunstnarar eller arkitektar kan kalle dekor eller måleri på ein vegg for den femte veggen.